- Der du tidlegare berre fekk sjå info om fondet, er det no to nye knappar for å endre månadleg sparing og for å gjere eingongsinnskot. I tillegg kan du opprette spareavtalar i fond du ikkje har frå før, fortel Karl Otto Gulseth, marknadsdirektør i Eika Kapitalforvaltning.

Nytt er det også at det har blitt lettare å følgje med på korleis det går med investeringane dine.

- Med enkle grafar kan du følgje utviklinga i kvart fond, og du får tilgang til analysane frå forvaltarane våre, fortset han.

Her er fleire nyttige ting du kan gjere i mobilbanken


Kortare veg

Gulseth fortel at kundar ofte seier dei skulle ha starta fondssparing, men ikkje har fått somla seg til det. Eller at dei har lurt på om dei skulle auke sparinga, men ikkje kome så langt.

- No blir det enklare, faktisk berre nokre få tastetrykk. Det gjer at vegen til å starte sparing er blitt mykje kortare, meiner Gulseth.


Sprei sparinga di

Er du blant dei som starta fondssparing for nokre år tilbake, og sidan ikkje har gjort noko meir med det? Då er det på tide å ta opp tråden att.

- Det er typisk for veldig mange. Ein har ikkje teke høgde for at lånerenta har gått ned og løna har gått opp. Vi har difor betre råd, men har gløymt å følge opp med meir sparing.

Mange som har lån har fått vesentleg romslegare økonomi som ein følgje av lågare månadlege rentekostnader. Då har du ei moglegheit til å auke sparinga di tilsvarande, og det bør skje gjennom langsiktig fondssparing, meiner Gulseth.

- Med dagens låge innskotsrente på sparekontoen din burde du ta meir risiko på sparinga di. Du bør spreie sparinga til også å innehalde aksjefond. Aksjefond gjev over tid høgare forventa avkastning enn banksparing.