Å kjøpe ein bruktbil kan vere ei lur økonomisk avgjerd, men det er viktig å vere godt førebudd for å sikre at du får mest mogleg for pengane. Her deler vi våre beste tips for deg som ønskjer å kjøpe bruktbil, og du får vite korleis det kan løne seg å finansiere han.

  1. Set eit budsjett
    Før du begynner å leite etter bil, bør du bestemme deg for kor mykje du er villig til å betale for bilen. Hugs å inkludere ekstra utgifter som forsikring, vedlikehald og eventuelle reparasjonar som må gjerast.

  2. Leiting og samanlikning av alternativ
    Når du har eit budsjett, kan du begynne å undersøkje kva for bilar som passar dine preferansar og budsjett. Samanlikn prisar og eigenskapar for ulike modellar, og les omtalar frå andre bileigarar for å få eit inntrykk av kor påliteleg bilen er over tid, og kva yting han har.

  3. Finansiere bilen
    Anten du vil ha eit lånebevis, eller du har funne ein konkret bil du vil kjøpa, kan du enkelt søkja om billån på nettsidene våre, i mobil- eller nettbanken.

    Billånet vårt har konkurransedyktige prisar og vilkår, og du kan sjølvsagt betale ned lånet så raskt du ønskjer. Du får oversikt i mobil- og nettbanken, der du kan følgje med på nedbetalingstida, endre forfallsdato eller opprette avtalegiro. På denne måten får du full kontroll over lånet gjennom heile låneperioden.

  4. Inspeksjon og prøvekøyring
    Når du har funne ein bil du likar, er det viktig å inspisere han nøye og prøvekøyre han før du bestemmer deg.

    Sjekk tilstanden på bilen, lytt etter uvanlege lydar, og test alle funksjonar for å sikre at alt fungerer som det skal. Spør seljaren om du synest noko verkar rart – seljaren kan som regel fortelje deg meir om kva bilen er blitt brukt til.

    Følar du deg lite bilkunnig, kan du enkelt bestilla ein biltest hos NAF eller andre lokale verkstader, slik at dei kan hjelpa deg med ekspert vurdering av bilen.

  5. Sjekk historikken til bilen
    Be om historikkrapporten til bilen for å få innsikt i tidlegare eigarskap, ulykker, reparasjonar og vedlikehald. Dette kan gje deg ei betre forståing av tilstanden på bilen og eventuelle problem som kan oppstå i framtida.

  6. Forhandle prisen
    Når du har funne ein bil du er nøgd med, er det tid for å forhandle prisen. Sjekk på førehand kva liknande bilar blir selde for, og ver klar til å velje eit anna alternativ dersom seljaren står fast ved prisen. Vis seljaren at du har minst to andre alternativ du vurderer – då kan vedkomande spele meir på lag.

  7. Teikn forsikring og registrer bilen
    Når du har kjøpt bilen, må du sørgje for å teikne forsikring og registrere han i ditt namn. Forsikring er viktig for å verne deg økonomisk i tilfelle ulykke, og å ha bilen registrert i ditt namn sikrar at alle juridiske og økonomiske ansvarsforhold er i orden.

    Å kjøpe ein bruktbil kan vere ei spennande og økonomisk fordelaktig oppleving når du er godt førebudd og informert. Følg tipsa for å sikre at du finn ein påliteleg og trygg bil som passar dine behov og ditt budsjett.

    Lykke til med bilkjøpet og trygg køyring!