I ein hektisk kvardag er det mange ting å tenkje på, men med gode digitale bankløysingar treng ikkje kvardagsøkonomi å ta opp mykje av tida di.

  1. Bruk eFaktura og AvtaleGiro

    Har du automatisert det som automatiserast kan? Til faste rekningar som bustadlån og treningssenter er det lurt å bruke AvtaleGiro og eFaktura. Då slepp du å leggje inn beløp, kontonummer og lange KID-nummer. 

    Her kan du lese meir om AvtaleGiro og eFaktura

  2. Set opp ulike kontoar til ulike føremål 

    Å ha fleire kontoar gjev deg betre kontroll. Bruk éin konto til daglegdagse utgifter, eventuelt to dersom du har ein felleskonto med sambuar eller ektefelle, eller ein eigen konto til matutgifter. Då har du betre kontroll. 

    Du har kanskje allereie ein eigen konto for rekningar? Det er viktig for kvardagsflyten. Set av det du må betale i rekningar denne månaden, på ein eigen konto, og la dei faste rekningane bli belasta denne kontoen. 

    Du kan også ha ulike sparekontoar til ulike føremål, til dømes buffer, sofa eller julegåver. Du kan setje opp felles sparekonto med sambuar eller ektefelle til feriar eller nye utemøblar, til dømes. Gje gjerne kontoane namn, slik at det ikkje er nokon tvil om kva for ein konto som skal brukast til kva, og unngå å «låne» frå kontoane. Då er det lett å ikkje betale tilbake.

  3. La sparinga gå av seg sjølv 

    Set opp fast sparing som blir overført automatisk til éin eller fleire sparekontoar når du får løn.

  4. Bruk mobilbanken – både på farten og heime 

    Vi har alle opplevd å vere nestemann i kassen på butikken og kjent litt på stresset fordi vi kanskje ikkje har dekning på kortet. Med mobilbanken vår kan du kjapt overføre pengar mellom kontoane dine – forhåpentleg før det blir din tur i køen. 

    I mobilbanken kan du sjå alle kontoar, kredittkort, forsikringar, sparing og lån, slik at du alltid har full oversikt.

    Her kan du laste ned mobilbanken


    Visste du at du har eit digitalt kort i mobilbanken? Det er ein digital versjon av kortet ditt som du kan bruke når du ikkje har det fysiske kortet tilgjengeleg. Til dømes når du ligg på sofaen og lommeboka i jakka kjennest litt for langt unna. 



  5. Snakk med rådgjevaren din om kvardagsøkonomi

    Rådgjevaren kan hjelpe deg med å få oversikt over kvardagsøkonomien din, heilt gratis. Sørg for at løna går inn på ein konto hos oss, så er det lettare for både deg og rådgjevaren å sjå totalbiletet. Vi kan sjølvsagt også gje råd og tips rundt bustadlån, forsikringar og sparing. Det løner seg nemleg å samle alt på éin stad med banken som kjenner deg best, så spør gjerne rådgjevaren din om gode løysingar.

    Hos oss får du gode digitale løysingar som spelar på ditt lag i kvardagen mellom plenklipping, turar på hytta og oppussing. Skaff deg oversikt og kontroll over økonomien din – det skaper kvardagsflyt og lèt deg bruke tida di på ting som er viktige for deg!