– Menneska du jobbar med er ofte den viktigaste ressursen du har som bedriftsleiar. Spesielt gjeld dette i små og mellomstore selskap der det kan vere veldig kritisk om ein tilsett blir borte, seier Einar Christian Van Doorn, salssjef i Eika Forsikring.
Lange ventetider i det offentlege helsesystemet og sjukefråvær kan koste bedrifta store summar, i alle fall om den sjukmelde sit på kompetanse det er vanskeleg å erstatte på kort tid.
– Derfor samarbeider vi med Vertikal Helse og har sett saman ei forsikring som kan bidra til at den tilsette kjem seg raskt tilbake i jobb, forklarer han.
– Helseforsikringa sørgjer for raskare og betre behandling. Så fort du har fått ei tilvising frå lege, sender du ho til Vertikal Helse, så er prosessen i gang. Christian Van Doorn, Eika.
Les meir om helseforsikringane våre
Friskare tilsette
Eika har fått positive tilbakemeldingar frå bedrifter som har kjøpt helseforsikring:
- Tilsette har mindre fysiske plager, og betre helse generelt
- Det har vore ein markant nedgang i sjukefråværet
- Folk kjem raskare tilbake på jobb etter sjukdom
Fire grunnar til å kjøpe helseforsikring for dei tilsette
- Rask vurdering og behandling
- Helseforsikring 10 dagar: Undersøking hjå legespesialist innan 7 dagar, behandling innan 10 dagar
- Helseforsikring 20 dagar: Undersøking hjå legespesialist innan 10 dagar, behandling innan 20 dagar
- Personleg oppfølging
Den tilsette får tett oppfølging av ein medisinsk rådgivar før, under og etter behandling
- Gode vilkår
Pris på forsikring er uavhengig av alder, kjønn og livsstil. Utgifter relatert til behandling, reise og opphald blir òg dekte
- Fagleg kvalitetssikring
Eit uavhengig medisinsk råd sørgjer for kvalitetssikring av sjukehus og legar som blir brukte.Forsikringa dekkjer òg ei uavhengig vurdering av diagnose som allereie er stilt