No blir Overblikk enda betre.  Når du loggar deg inn i starten av juni vil du sjå eit nytt og forbetra design. Fleire funksjonar vil også vere forbetra som for eksempel transaksjonar og informasjon rundt aktivitetar generelt på kortbruk. I tillegg vil det vere enklare å finne fram på sidene.

Kva er nytt? 
  • Administrator vil også kunne sjå spesifikke innbetalingar, rente og gebyr. Du vil finne dette under faner ved sida av transaksjonar. Eksportfunksjonen til rekneskap for rente og gebyr vil også vere forbetra.
     
  • Filterfunksjonane er også oppdaterte og det vil gi deg fleire moglegheiter for filtrering i ein rapport.
     
  • Reiserekningar vil også få ein forbetra funksjonalitet der administrator enklare kan få ut forskjellige reiserekningar som er gjorde av dei tilsette med alt av tilhøyrande kvitteringar. På same måte som funksjonaliteten i Overblikk vil bli forbetra, vil det no også vere enklare for korthaldarar å bruke appen Mitt bedriftskort for reiseutlegg.

  • Ei anna stor endring vil vere at administrator kan leggje inn etter eige ønske ei liste 1 og liste 2.  Det kan for eksempel vere at bedrifta ønskjer å leggje inn forskjellige avdelingar, prosjekt eller kostnadsstader saman med ein standard kontoplan som blir brukte internt. All denne informasjonen vil kome med når administrator eksporterer korthaldar sine transaksjonar.

Vi håper du blir fornøgd med den nye versjonen av Overblikk.