
Utdatert nettleser
Denne nettsiden vil gi redusert funksjonalitet i denne nettleseren. Vi støtter de fleste nettlesere med de nyeste versjonene som Chrome, Firefox, Safari og Edge.
Hvorfor trengs en oppdatert nettleser?
Finn det ut her og last ned nyeste versjon
På baksiden av kredittkortet ditt, rett ved sida av signatur feltet finst ei talrekke. Dei tre siste siffer i denne talrekka kallast for CVV/CVC kode.
Med aktivitetsklokke frå Fitbit eller Garmin kan du no betala kontaktløst med ditt kredittkort. Det er ikkje lenger krise viss du gløymer lommeboka og mobilen heime. Fitbit og Garmin Pay brukar Visas bransjeledende token-tjenester som gir brukarane høgaste grad av sikkerheit. Det betyr i praksis at du kan betala like sømløst, trygt og enkelt med smartklokken som med det fysiske kortet.
Tokenisering er ein eigen krypteringsløsning som nyttar eit virtuelt, unikt kortnummer til betalinga med klokka, og ikkje det faktiske kortnummeret ditt. Tokensiering reduserer dermed moglegheita for svindel og forhindrar at kortinformasjonen din kjem på avveie.
Med mobilbanken har du dei aller fleste banktenestene lett tilgjengeleg på mobilen. Du har moglegheit til å logga inn og godkjenna betalingar ved hjelp av fingeravtrykk- eller ansiktsgjenkjenning. I mobilbanken kan du enkelt:
Dette er noko du sjølv vel å sedde på kortet ditt, slik at det ikkje kan nyttast i utvalde delar av verda. Du vel sjølv i kva for regionar kortet skal vera gyldig og ugyldig. På denne måten kan du redusera faren for å bli svindla.
Du kan setja regionsperre på både på bank- og kredittkortet.
Nytta kreditt er beløpet du har handla for / har brukt på kredittkortet. Disponibel kreditt er beløpet du kan fortsatt bruka på kortet til kredittgrensa er nådd.
F. eks har du kredittgrense på kr 30.000 og kjøper ein el-sykkel for kr 20.000, vil du få nytta kreditt på kr 20.000 og disponibel kreditt på kr 10.000.