Det skal veljast 1 fast medlem til generalforsamlinga, og 3 varamedlemer. Valet gjeld for 4 år for dei faste medlemene, og 1 år for varamedlemene. Liste over medlemene i generalforsamlinga, og kven av desse som er på val, og annan relevant informasjon om valet er tilgjengeleg på banken si nettside og i banklokalet i Valle.

§ 3-4 i vedtektene til banken regulerer kven som kan røyste, og kven som veljast:


§ 3-4 Medlemer til generalforsamlinga valde av kundane
Dei myndige kundane i sparebanken har røysterett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga i sparebanken blant kundane. Kvart kundeforhold gjev éi røyst når ikkje anna fylgjer av lova eller vedtektene.

Kundar i sparebanken kan veljast som medlem eller varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representantar for kundane. Alle kundevalde medlemer av generalforsamlinga må bu eller ha sitt virke i Valle kommune.

Kundar med røysterett pliktar å take i mot val som medlem eller varamedlem, med mindre vedkomande har gjort teneste som medlem av generalforsamlinga, styre eller kontrollkomité i minst ein valperiode.

Kundar med røysterett kan fremje forslag til kandidatar før valet. Forslaget skal innehalde namn, fødselsår, yrke og adresse og sendast til post@valle-sparebank.no eller til Valle Sparebank, postboks 53 4747 Valle.

Det er ei eiga valnemnd som førebur kundevalet. Innstillinga frå valnemnda ligg til gjennomsyn på banken si nettside og i banklokalet i Valle dei siste 14 dagane før valet.

Liste over medlem finner du her

Knut Hagen
Leiar i generalforsamlinga