Er du ein av dei som har blitt oppringd av Microsoft med beskjed om at du har virus på dataen, eller fått ein e-post kor du må klikke på ein link for å unngå sperring av konto? Då har du blitt utsett for eit forsøk på «phishing».

- Phishing finst i fleire formar, men dreiar seg i hovudsak om at kriminelle brukar e-post, SMS. og telefon for å fiske ut informasjon frå deg. Dei prøver på ulike måtar å få kredittkortnummeret ditt, brukarnamn og passord til nettbanken – med eit hovudmål om å loppe deg for pengar, fortel Steingrim Soug, sikkerhetssjef i Eika.

Ikkje la tjuvane ta identiteten din

Ikkje røp konfidensiell informasjon

Soug fortel at phishing-angrep ofte inneheld ein beskjed om at du må oppgi kortnummeret ditt eller verifisere brukarnamn og passord. E-posten eller SMS-ein er gjerne sat saman slik at det skal sjå ut som den kjem frå banken din:

– Det er viktig å gjere den helten klart at dette er meldingar du ikkje vil få frå oss. Vi vil aldri be deg oppgje konfidensiell informasjon, passord eller kredittkortnummer. Dette gjeld også andre banker. Får du ein slik beskjed, kjem den altså frå kjeltringar, understrekar han.

Heldigvis finst det fleire knep som avslører falske meldingar. Her er sikkerhetssjefens beste tips:

E-post: Det er viktig å sjekke avsendaradressa. Ved å halde musépeikaren over namnet, kjem avsendaradressa opp. Då ser du om det for eksempel står sparebanken73zx5.no, og ikkje sparebanken.no. Bruk det same triksa på lekkjer i e-posten. Svindlarane blir proffare, men ofte er det framleis dårleg norsk i mailene.
SMS: Her må du også sjå etter falske lekkjer. Kjeltringane lokkar deg gjerne med ein trussel om at kontoen din blir sperra om du ikkje loggar deg inn (på ei falsk side) og verifiserer koden din. Ikkje la deg stresse opp til å trykkje. Telefon: I det siste har mange i Noreg opplevt å bli oppringd av nokon som utgir seg for å vere frå Microsoft, og blitt fortald at dei må laste ned eit program for å slette virus på PC-ein. Her gjeld same regel som for phishing-eposter: Microsoft vil aldri ringe opp kundar på den måten.

Visste du at id-tjuveriforsikring er inkludert når du bruker kredittkorta våre?

Bruk sunn fornuft

Soug meiner dei fleste svindelforsøka kan stoppast ved å følgje én hovudregel:

– Bruk sunn fornuft. Når ein får ein e-post frå ein nigeriansk astronaut som treng pengar fordi han sit fast i verdsrommet, ringjer det ei alarmklokke hos dei fleste. Vi bør bli flinkare til å stoppe opp og tenkje oss om på mindre opplagde svindelforsøk også, seier han og fortset:

– Ein kamerat av meg blei svindla då han skulle kjøpe Nike-sko på internett. Dei var sat ned 40 prosent. Det viste seg at domenet var registrert i Kina, og han så aldri verken skorne eller pengane igjen. Eit tilbod som verkar for godt til å vere sant, er gjerne det.

Når uhellet er ute

Alle kan la seg lure, og skulle det skje gjeld det å ta kontakt med banken så fort som mogeleg.

– Seier du frå fort nok, kan vi prøve å stoppe overføringa. Det nyttar ikkje å kome dagen etter, då er pengane over alle haugar. Men du må uansett kontakte oss, slik at vi kan varsle andre som er i risikosona. Hugs også at kredittkort har døgnopen sperreteneste, avsluttar sikkerhetssjef Steingrim Soug.