Alt blir dyrare rundt oss, og Sentralbanken hevar rentenivået i eit forsøk på å dempe prisveksten. Rentenivået er no på eit historisk høgt nivå, det høgste sidan 2008, og vi har truleg ikkje nått toppen enno. Når alt rundt oss berre blir dyrare og dyrare, korleis er det då mogeleg å spare?
Sjekk sparetipsa og vel ein spareutfordring:
- ✔️ Lag deg eit budsjett og hald deg i størst mogeleg grad til dette.
- 💳 Betal ned forbrukslån og dyr kredittkortgjeld
- 📰 Gå gjennom abonnement og automatiske trekk frå konto eller kort. Er det noko du kan setje på pause eller avslutte?
- 👕 Sel klede og ting du ikkje lenger bruker eller treng på plattformer som finn.no. og Tise. Ditt skrot kan kan vere ein skatt for andre!
- 🛍️ Ha alltid med handlenett eller eigne posar når du skal i butikken
- 🔅 Utfordre deg sjølv til å ha eit lågare forbruk i ein periode. Du vil bli overraska over kva effekt dette kan ha på lommeboka di.
- 💰 Noko av det du sparer, ved å ha eit lågare forbruk, kan du setje på ein sparekonto eller sparing i aksjefond - eller kanskje begge delar. Sjølv nokre hundralappar sparing kvar månad kan bli summar over tid.
- ↘️ Dersom du allereie har ein spareavtale, og vurderer å avslutte denne, tilrår vi at du heller justerer sparesumen ned i ein periode.
Tek du utfordringa?
Utfordre deg sjølv i sommar til å prøve minst eitt av sparetipsa i lista over. Du blir ein vinnar kva enn for eit grep du vel, for litt sparing er alltid betre enn ingenting! Premien gir du deg sjølv, i form av litt ekstra midlar på konto og litt mindre uro i maga.
Lukke til og god sommar ⛱️☀️🍉
Dersom du ønskjer fleire sparetips eller ein meir generell prat om økonomien din, kontakt oss! Våre rådgivarar er her for å hjelpe deg med det du lurer på!