Vi les dagleg nyheiter om krig og auka straumprisar, dyrare drivstoff, høgare renter og rekordhøg inflasjon. Mykje har endra seg sidan i fjor, då vi var midt i ein pandemi. Du har kanskje allereie merka dei auka kostnadene på lommeboka, og kanskje har du også endra forbruksmønsteret ditt?
Feriepengar kan vere eit fint høve til å spare litt ekstra. Sjå derfor litt nærare på tipsa våre, anten du ønskjer å kome i gang med sparing eller du ønskjer å auke sparinga di før du tek deg ein velfortent sommarferie.
Dersom du ønskjer å prate med ein av dei dyktige rådgjevarane våre, kontakt oss så finn vi eit tidspunkt som passar. Du er velkomen til oss i banken, eller vi kan gjennomføre møtet digitalt – begge delar er heilt gratis! Kontakt oss om fondssparing
«It’s not about timing the market, it’s about time in the market»
Slik kan feriepengane dine vare litt lenger
Betal rekningar og dyr kreditt
Det er alltid lurt å betale tilbake dyr gjeld først. Betal derfor tilbake dyre smålån og uteståande kredittkortrekningar. Då kan du spare mykje i rentekostnader kvar månad. Få også oversikt over kva for rekningar som kjem, og set pengar til sides på ein sparekonto. Dette kan vere baksmell på skatten eller straumrekningar for hausten.
Dersom det er aktuelt å fylle opp BSU-kontoen din, kan jo kanskje litt av feriepengane brukast til dette. Les meir om BSU.
Opprett ein bufferkonto
Set av litt pengar på ein eigen sparekonto, ein såkalla bufferkonto. På denne måten har du pengar i bakhand dersom det skulle knipe litt. Set opp eit automatisk trekk, gjerne på same dag som du mottek løn, og hald fram med å spare utover hausten. Les meir om banksparing.
Last ned Smartspar få kontroll på fondssparinga di
Børsane er urolege, og analytikarar går ut frå at det vil vere slik ei stund framover. Det kan opplevast som utrygt å plassere pengane sine i aksjefond. Når aksjemarknaden er ruglete, kan det likevel vere gunstig å starte fondssparing eller å spare litt ekstra.
Vi pleier å seie: «It’s not about timing the market, it’s about time in the market». Fondssparing inneber å spare langsiktig og ikkje om å «time» marknaden. Ved å spare litt kvar månad over tid vil du vere i aksjemarknaden den dagen marknadene snur og pilene peikar oppover igjen. Då kan det vere mogleg å få med seg ein fin gevinst på fondssparinga di. Ved å opprette ein spareavtale med faste månadlege trekk, helst den dagen du får løn, går sparinga av seg sjølv.
Lastar du ned spareappen Smartspar, kan du ha full kontroll på sparinga di, anten du sparar på ein sparekonto eller i fondssparing. Last ned Smartspar her dersom du ikkje allereie har gjort det!
Vi har dei mest nøgde fondskundane i Noreg – og betre skal vi bli!
Sist, men ikkje minst: Ta deg ein velfortent ferie!
Det er viktig å lade batteria når du kan, så ferie bør du ta om du har høve til det. Ein ferie treng absolutt ikkje tømme bankkontoen for at han skal vere minnerik og vellykka, og her kan du lese om Noregs vakraste bilturar.