Ofte stilte spørsmål
-
Kva er refinansiering?
Refinansiering er at du flyttar gjelda di frå ein part over til ein annan part. På denne måten kan du samla fleire forbrukslån og kredittkortgjeld til éi rimelegare lån. Du får lågare gebyr og berre éin faktura å forhalda deg til noko som gjev deg betre oversyn og kontroll.
-
Kva er renten på lånet?Ein rente er det ein må betala ekstra for å få låna pengar utover sjølve lånebeløpet. Renten er individuell og vert sett fast på bakgrunn av ei kredittvurdering vi gjer når du søkjer om Eika Smålån.
-
Kva er skilnaden på nominell og effektiv rente?Nominell rente er pålydende rente for Eika Smålån frå prislista vår. Det er sjølve grunnrenten på lånet.
-
Får eg andre kostnader eller gebyr på lånet?
I tillegg til renta kjem eit etableringsgebyr på kr 490 og eit termingebyr på kr 30. Desse kostnadene er inkluderte i den effektive renta.
-
Kva er termingebyr og etableringsgebyr?
Termingebyr er eit gebyr som skal betalast per betalingstermin. Etableringsgebyr er eit eingongsgebyr for å opprette eit forbrukslån. Dette gebyret blir lagt til lånet slik at du får utbetalt til dømes kr 50 000, medan lånet du skal betale tilbake er på kr 50 490.
-
Kor lenge er lånetilbodet gyldig?
Tilbodet på finansiering er gyldig i 30 dagar frå den dagen du tek imot det.
-
Korleis får eg lånet utbetalt?Du signerer lånedokumentene med BankID og vi utbetaler til kontoen din innan éin arbeidsdag. Lengre behandlingstid må påregnes ved refinansiering, der vi er pålagt å henta informasjon frå ekstern finansinstitusjon.
-
Kan eg opprette AvtaleGiro?
Ja, du kan opprette AvtaleGiro for automatiske trekk kvar månad. Då slepp du å hugse på forfallsdatoar ettersom fakturaen blir betalt automatisk, og du unngår purringar.
-
Kan eg opprette eFaktura?
Du kan seie «Ja» til å opprette eFaktura i mobil- og nettbanken når du betaler den første fakturaen som kjem på papir. Du kan òg søkje opp Eika Kredittbank i mobil- og nettbanken for å opprette eFaktura.
-
Korleis betalar eg tilbake lånet mitt?Tilbakebetaling av lånet skjer den 5. i kvar månad. Du mottek ein faktura frå oss som du betalar i mobil- eller nettbanken. Viss du har Avtalegiro vert lånet ditt trekt direkte frå kontoen din. Du kan endra forfallsdato til den 25. i kvar månad, dersom denne datoen passar betre for deg. Ønsker du å endra forfall, må du ta kontakt med kundesenter@eika.no.
-
Kan eg nedbetala lånet raskare?Ja, det er fullt mogleg og det kostar ikkje noko ekstra. Viss du har høve til å betala ned raskare, rår til vi dette sidan dei totale lånekostnadene og nedbetalingstiden vert redusert.
-
Er det mogleg å gjera ein ekstra innbetaling?Ja, du kan når som helst innbetala ekstra på lånet. Det fører til kortare nedbetalingstid og lågare totale lånekostnader. Du brukar det same kontonummeret som når du betalar inn månedlege avdrag. Det er viktig å hugsa å betala dei månedlege fakturaene i tillegg.
-
Kan løpetiden på lånet forlengast?Ja, send ein e-post til kundesenter@eika.no viss du ynskjer å forlenga løpetiden på lånet ditt.
-
Kva gjer eg viss eg får problem med å betala?Ta kontakt med oss så snart som mogleg for å finna ei løysing viss du får problem med å tilbakebetala lånet ditt.