Fredag 20. oktober til måndag 23. oktober byter vi leverandør av fleire tenester, noko som kjem deg og bedrifta til gode. Den viktigaste og mest synlege oppgraderinga er ny nettbank! I samband med det er det ein del ting du må vite for å gjere overgangen så smidig som mogleg.
Det meste i overgangen til ny leverandør vil gå automatisk, men det er nokre fristar du må vite om i forkant slik at du får gjennomført betalingar og sikrar at du har nødvendige bilag og kontoutskrifter tilgjengeleg.
Dette må du som sender betalingsfiler, tenkje på allereie i dag:
- Du, eller rekneskapsføraren din, kan ikkje sende inn betalingar med forfall etter torsdag 19.10 i dagens nettbank. Dessverre får vi ikkje med oss desse betalingane gjennom oppgraderinga, og de må derfor leggje dei inn på nytt.
- Ovanståande gjeld ikkje dersom du nyttar eit Visma-system. Her vil betalingane med forfall etter 19.10 bli haldne tilbake av Visma og sende til banken først etter oppgraderinga.
- Det vil ikkje vere mogleg å betale ut løn i perioden 19.10 - 23.10. Absolutt siste frist for lønskøyring er torsdag 19.10 kl. 14:00 Dersom det er planlagt lønsutbetalingar eller feriepengar i den nemnde perioden, må dette gjerast i forkant av denne fristen.
- Frist for å utføre betalingar til utlandet er onsdag 18.10 kl. 08:00
Vi vil fortløpande leggje ut meir informasjon om oppgraderinga og kva andre datoar du bør vere merksam på.