Hopp til innholdet

Sjølvbetjening i nettbanken

Meir sjølvbetjening, enklare administrasjon

No kan du enkelt administrere kundeforholdet ditt sjølv

Vi arbeider kontinuerleg for at du skal få optimale og tilpassa løysingar for di bedrift. No har vi fleire nyheiter i nettbanken som skal gjere kvardagen din enklare – i alle fall når det gjeld administrering av ditt bankforhold.

Nedbetalingsplan på lån

No treng du ikkje lenger kontakte banken for å få oversikt over nedbetalingsplanen på låna dine. Med berre nokre få klikk i nettbanken får du full oversikt og kan sjå og hente ut dine nedbetalingsplanar sjølv.

  • Vel ønskja lånekonto rett frå forsida eller ved å gå inn på «Kontoar» under hovudmenypunktet «Konto» i hovudmenyen i nettbanken.
  • Under «Lånekontoar» vel du lånet du ønskjer å sjå på og trykker deretter på «Nedbetalingsplan».
  • Du kan bytte mellom låna i nedtrekksmenyen øvst.
  • Treng du PDF av nedbetalingsplanen kan du bruke utskriftsfunksjonen i nettlesaren din.
Her finn du nedbetalingsplan

Ny løysing for dokumenthandsaming

No finst det ei ny løysing for dokument og søk i arkiv. Den nye løysinga støttar mellom anna samleutskrift, der du kan få fleire dokument i éin PDF. Her har du moglegheit til å:

  • Markere alle dokument som "leste".
  • Laste ned fleire dokument samla (éin PDF med fleire sider).
  • Laste ned fleire dokument enkeltvis (fleire PDF-filer i ei .zip-fil).
  • Laste ned fleire dokument både frå dei nyaste dokumenta og ved søk i arkiv.

Du vil først få oversikt over dei nyaste meldingane. Meldingar som er uleste/uopna vil vere markerte med feit skrift. Ønskjer du å søkje etter dokument i arkivet, bruker du søkjefunksjonen til høgre. Her kan du velje fleire dokument og bestemme om du vil laste dei ned enkeltvis (fleire PDF-filer i ei .zip-fil) eller samla (éin PDF med fleire sider). Det er ingen avgrensing på kor mange dokument du kan laste ned samtidig.

Slik ser den nye sida for dokument i nettbanken ut
Vel om du vil laste ned samla eller enkeltvis

Søk om lån og kredittar direkte i nettbanken

No kan du enkelt sende inn søknad om lån, kreditt og garantiar direkte i nettbanken. Vel «Produkt og tenester» under menyen øvst til venstre. Fyll ut nødvendig informasjon som føremål, beløp, tryggleikar og ein kort kommentar om økonomien. Du kan også leggje ved relevante vedlegg, så behandlar vi søknaden din raskt og effektivt. Vi er her for å hjelpe deg med å nå måla dine!

Bestille produkt direkte i nettbanken

No kan du bestille ei rekkje produkt direkte i nettbanken:

Produktbestilling og søknad om lån finn du i hovudmenyen
Vel produktet du ønskjer å bestille (og trykk "neste"), eller knappen øvst til høgre for å søke om lån