EPSI Noreg gjennomfører kvart år ein studie av den norske bankbransjen. Undersøkinga baserer seg på 3500 dybdeintervjuer per telefon med privatpersonar og bedriftskundar i Noreg. Årets resultat er eit positivt lyft for bankbransjen. For mens fjoråret viste ein nedgong i kundetrivselen, er bankkundane jamt over mykje meir nøgde med bankane i år.

Tre på topp
Årets måling viser at det framleis er kundane til Skandiabanken, bankane i Eika Alliansen og Handelsbanken som er mest tilfredse.
– Desse tre bankane skil seg ut med svært fornøgde og lojale kundar, og har over tid lukkast godt med å skape gode bankopplevingar, seier dagleg leier Fredrik Høst i EPSI
I henhold til EPSI Rating er rådgivaren svært viktig for bankrelasjonen til kunden. Undersøkinga viser tydeleg at dersom kunden er tilfreds med rådgivaren sin, påverkar det den totale bankopplevinga til denne kunden.

Viktige avgjerder bør takast over ein kopp kaffi

Opp på sølvplass
Eika-bankene får ein snittscore blant privatkundane på 76,5, mot 74,5 i fjor. Det gjer at dei rykkjer opp på andreplass blant bankane som har dei mest nøgde kundane. På bedriftsmarknaden er Eika-bankane på topp for sjette året på rad.
- Eg er godt tilfreds med denne framgongen i kundetrivsel på personmarknaden. Dette viser at lokalbankane er viktige for kundane våre når dei ønskjer heilskapleg økonomisk rådgivning, samtidig som dei nye mobilbankane våre haustar mange gode tilbakemeldingar, seier konsernsjef Hege Toft Karlsen.

Sjekk mobilbanken her

Mest nøgd i Skandinavia
Danskar og svenskar deltek i same undersøking. Dei er langt mindre nøgde med banken sin enn vi nordmenn her. Ein av grunnane kan vera at nordmenn er flinke til å ta i bruk nye banktenester, som nettbank og mobilbank.

Ifølgje EPSI bruker no 19 prosent av bankkundane mobilbank; opp fire prosentpoeng frå i fjor. Og dei som bruker mobilbank, bruker den ofte: I snitt to gonger i veka.

– Mobilbank er eit verktøy vi frå målingar veit har generelt høg trivsel blant bankkundar, seier dagleg leier Fredrik Høst i EPSI til E24.