Du har sikkert høyrt mange gonger at sparing i fond gir deg betre avkastning på sparepengane dine. Samtidig synest du kanskje dei virka litt skummelt å flytte sparepengane frå den kjende og kjære sparekontoen, og over til eit fond som potensielt har høgare risiko. Men fond treng ikkje vere så komplisert og vanskeleg.

Tre ulike typar fond
Kort fortalt finst det tre ulike typar fond. Aksjefond har høgast risiko, kombinasjonsfond har lågare risiko, mens rentefond har lågast risiko. Det er fint mogeleg å spre pengane dine over fleire fond, og dermed også spre risikoen.

Administrerande direktør i Eika Kapitalforvaltning Bjørn Ståtto, forklarer at dette er eit av tema ein kan diskutere i ein samtale med ein rådgivar i den lokale sparebanken:

– Kundane kan investere i så mange fond dei ønskjer, men vi anbefaler å ha ein avgrensa portefølje. Basert på kor risikovillig kunden er, settas det saman ein fondsportefølje som kan bestå av eitt fond eller ein kombinasjon av to eller tre.

Les meir om fonda våre

Fond etter geografi
Fond blir gjerne også organisert etter geografi. Blant Eikas fond finst det tre som lèt deg investere i henholdsvis det norske, den nordiske og den globale marknaden. Investeringsdirektør Stig Erik Brekke fortel at mange nye fondskundar er opptekne av å investere i nett det norske marknaden:

- Er du vant til banksparing, verkar det nok tryggare å plassere i norske aksjar. Då kan du investere i aksjar du kjenner igjen, og ein kjenner at ein får informasjon om marknaden fordi TV2 og NRK følgjer utviklinga på Oslo børs, seier han.

Når du har spart meir, vil du sjå at det kan vere fornuftig å spreie risikoen litt. Derfor har Eika også eit Norden-fond. Det gir auka eksponering også mot industri i Sverige og
legemiddelindustrien som er stor i Danmark.

I tillegg har Eika eit globalt fond. Då kan du fordele investeringane rundt i verda, og delta i verdiskaping globalt.

- Men vi har fleire fond som fordeler investeringane i dei ulike marknadene.

Eika sitt mest populære fond – Eika Spar – investerer halvparten i Noreg, tre femtedelar globale, og to femtedelar i Norden, fortel Bjørn Slåtto.

Etiske og verdiorienterte investeringar
Kanskje er du også oppteken av at pengane dine skal investerast på ein forsvarleg måte som tek omsyn til for eksempel miljø og arbeidarane sine rettar? I staden for å tilby eigne «etiske» fond, har Eika i staden lagt seg på ei enkel linje:

– Når vi vel kva for nokre selskap vi skal investere i, sjekkar vi dei opp mot lista Noregs Bank brukar for oljefondet. Står det på lista over selskap dei ikkje investerer i, investerer heller ikkje vi i det, forteljar Slåtto.

Det er heller ingen hemmeligheit at aksjemarknaden svingar, og det følgjer alltid ein risiko med å investere. Derfor legg Stig Erik Brekke stor vekt på korleis Eikas investeringsstrategi er verdiorientert:

– Den grunnleggjande strategien er likt uansett fond. Vi jobbar for å identifisere selskap som har bevis og beviser at dei driv på ein god måte, fortel han.

Eika er derfor ikkje interessert i å finne selskap som kanskje kan bli noko om nokon år. Dei satsar på selskap som har bevis at dei har ei god leiing, eller at dei allereie har eit godt produkt eller eit godt marknadsgrep.

- Det er det vi meiner med å vere verdiorientert. Vi ser verdien i selskapet. Og så finst det selskap som ligg i randsona, for eksempel XXL som vi har investert i. Det er eit selskap som er i ein veldig vekstperiode, men vi ser kva leiinga har fått til tidlegare då dei var i Elkjøp og kva dei har fått til i oppstarten. Storyen vi kjøper er leiinga og verdien som ligg i dei, og så kjem veksten seinare.

Personleg og brukarvennleg
Men det er fleire grunnar til å velje Eika når du bestemmer deg for å investere i fond, meiner Bjørn Slåtto.

– Hos Eika får du ein kombinasjon av personleg rådgevning om du ønskjer det, og gode digitale løysingar til å gjennomføre kjøp og sal og til å følgje med på investeringane. Dei fleste andre er stort sett over på digitale sjølvbeteningsløysingar, mens vi har tru på at når det gjeld plassering av pengar så treng folk nokon å snakke med.

Slik sparar du enklast til draumen