- Den nye mobilbanken vort enno meir brukarvenleg og intuitiv, med ny oversiktleg design og navigering. Vi trur dei fleste vil merke ein enda betre brukaroppleving, seier Erik Akersveen, ass. dir. for Dagligbank og Betalingsformidling i Eika.
- Mobilbanken inneheld også ei rekkje nyheiter. Den største fordelen frå den gamle løysinga er at du no kan betale rekningar med mobilen, samt tenesta SnapCash som lèt deg overføre pengar direkte frå konto til konto utan seinkande mellomledd. Denne tenesta er det førebels berre Eika-bankane som tilbyr.
Nokre andre praktiske funksjonar:
- Betal eFaktura med drag and drop
- Overfør mellom kontoar med drag and drop
- Betal regningar både til inn- og utland
- Endre kredittgrense
- Sperr kredittkort
- 4-sifret PIN-kode
- Valutakalkulator
Mobilbanken er den forlenga armen til ny nettbank
Også nettbanken har vorte ny og forbetra. Til glede for alle som har slite med Java-problematikken, har dette no vorte mykje betre ved at den nye nettbanken er Java-fri . – Det betyr at nettbanken også har vorte enno betre for Apple-brukarar og nettbrett, seier Erik Akersveen.
- Med dei nye versjonane har du no full tilgang til alle banktenester døgnet rundt, anten du bruker mobil, PC, Mac eller nettbrett, forklarer Akersveen.
Overfør ein halv million på 2 sekund
Eika-bankane er førebels aleine om å tilby SnapCash-tenesta for lynrask overføring av pengar.
- Vi er først ute med denne tenesta, og den kan difor førebels berre brukast mellom kundar i Eika-bankane. Men så snart dei andre bankane lanserer versjonane sine på vår felles plattform, vil løysinga opne for straksbetalingar mellom alle bankane, fortel Akersveen.
Når pengane er registrerte på konto, blir mottakaren umiddelbart varsla via SMS. Det er til og med mogeleg å overføre pengar berre via mobilnummeret til mottakaren. Systemet finn riktig kontonummer, forutsett at mottakaren er registrert.
- Somme gonger treng vi å overføre pengar umiddelbart, for eksempel til ein familiemedlem i utlandet (mange har vel vore der). I andre situasjonar kan det vere ønskjeleg å få ei umiddelbar stadfesting på betalinga, for eksempel ved bruktbilkjøp.
Noreg ligg langt framme internasjonalt i samkøyring av bankløysingar. Akersveen meiner det er viktig at bankane ligg i framkant av utviklinga i ein marknad med stadig nye mobile betalingsløysingar.
Så dette er neste steig mot mobilen som sjølvstendig betalingseining?
- Ja, det kan du trygt seie. I dag kan det ta frå nokre timar til eit døgn før pengane er på saldo. Vi er på veg mot øyeblikkeleg betaling der og då. Vi jobbar for at systemet på sikt blir støtta av alle banker i Noreg. Vi meiner det ligg store samfunnsøkonomiske verdiar i at alle kan betale til alle i løpet av sekund, avsluttar Akersveen.