Hopp til innhold

Om oss 

Valle Sparebank er ein liten og særs solid sparebank, stifta 24.mars i 1866 i Valle.  

Valle Sparebank er ein liten, solid og sjølvstendig bank med hovudkontor i hjarta av Setesdal.  Bankens forvaltningskapital pr.31.12.07 er på 1.026 mill. kr, med ei solid kapitaldekning på 19,21% (styresmaktene sine krav er på 8%).

Det er for tida 17 tilsette i banken som utfører i underkant av 14 årsverk.

Sjølv om me etter måten er ein liten sparebank, har me mange kundar over heile landet, mykje takka vere utflytta setesdølar. Me har filial på Rysstad, og eit avdelingskontor i Kristiansand.

Av banktenester dekker me det meste, slik som innskot, utlån, kort, betalingsformidling, valuta, forsikringar, aksjehandel på internett og personleg økonomisk rådgjeving m.m. .

Saman med 77 andre norske sparebankar er Valle Sparebank medeigar i Terra-Gruppen AS.
 
 
Harstad, der banken heldt til frå 1904-1952.

Dagens bygg, som me flutte inn i hausten 1987.
Nettbank Privat / Bedrift